TV-premiere for «Predikanten» 1. pinsedag

Dokumentarfilmen «Predikanten» av Elisabeth Kleppe var nyleg vist for fullsett sal under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda. No blir det tv-premiere på NRK1 1. pinsedag, søndag 19. mai 2013 kl. 22:10. Det blir reprise på same kanal om morgonen 2. pinsedag. Filmen er eit varmt portrett av far og dotter på reise i hans fotspor som gamal omreisande predikant.

Heile livet har regissør Elisabeth Kleppe blitt konfrontert med farens kall som omreisande predikant i Noreg. No er Finn Kleppe ein av dei siste gjenlevande predikantane frå sin generasjon, og i den personlege dokumentarfilmen Predikanten vender Elisabeth kameraet mot faren og miljøet han opplever som sin heim – eit miljø ho sjølv har valt å trekke seg ut av.

Sidan lekmannsrørsla breidde om seg med Hans Nielsen Hauge i spissen på midten av 1800-talet, har bedehuskulturen stått sterkt i Noreg og sett djupe spor i kulturen vår.

Finn Kleppe har vigd livet sitt til å forkynne den kristne bodskapen i heile Noreg. Som forkynnar i De frie evangeliske forsamlinger reiste han land og strand rundt som evangelist, medan kone og tre barn var igjen i Bergen.

I den personlege dokumentarfilmen Predikanten blir regissøren med far sin på ei siste reise på kryss og tvers av Noreg, til stadar han har reist gjennom eit langt liv som predikant. Ein far og ei dotter som ein gong stod kvarandre nær prøvar no å nærme seg kvarandre igjen før tida renn ut.

Filmen var nyleg vist for fullsett sal under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda og med utselde framsyningar på Bergen Internasjonale Filmfestival i oktober 2012. Filmen er ikkje tidlegare vist på tv.

Reklamer

2 thoughts on “TV-premiere for «Predikanten» 1. pinsedag

  1. Takk for et fint portrett av en arbeidsmann og en yrkesgruppe. Veldig spesielt og fint arbeid av en ærlig journalist. Jeg bøyer meg i støvet. Hilsen «A4» kristen 58 år

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s