Mamma (doku / 45 min / 2010)

”Eg kan huska då eg var liten, at eg prøvde å få mamma til å lova meg at ho aldri skulle døy”. Slik byrjar Charlotte Helleland dokumentarfilmen om mor si og familiens møte med kreftsjukdomen.

Dokumentarfilm, 45 min

Regi og manus: Charlotte L. Loxley Helleland

Foto og klipp: Ronald Eliassen Hole

Produsent: Turid Rogne, Aldeles AS

”Eg kan huska då eg var liten, at eg prøvde å få mamma til å lova meg at ho aldri skulle døy”. Slik byrjar Charlotte L. Loxley Helleland sin dokumentarfilm ”Mamma”.

 Møt familien Helleland, ein vanleg vestnorsk familie med mor, far og tre vaksne døtre. Så ein dag skjer det som er alle familiars mareritt: Eit familiemedlem blir alvorlig sjuk. Hazel, mor i familien, får diagnosen beinmargskreft – ein uhelbredeleg krefttype.

Livet endrar seg brått, og møtet med sjukdomen blir eit sjokk. Likevel har Hazel eit fantastisk mot og ein vilje til å få så mykje som muleg ut av livet slik det er. På den måten hjelper ho resten av familien til å stå på vidare og fokusere på dei gode opplevingane. Regissør Charlotte L. Loxley Helleland har filma si eiga mor og familien sin gjennom fleire år av livet med kreftsjukdomen. Sjølv om det er ein tung og vanskeleg periode skal det vise seg at dei også får oppleve store ting saman som familie.

”Mamma” er ein rørende og personleg film om forholdet mellom mødre og døtre, og korleis sjølv eit liv med dødeleg sjukdom kan vere vakkert og rikt.

Utvikla i samarbeid med bt.no, produsert for TV2.

Festivalar: Bergen Internasjonale Filmfestival (2010), Den norske dokumentarfilmfestivalen (2011)

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s